Prosjekt Husmannsplasser

Prosjekt Husmannsplasser

Publisert av Edvar Hoston den 10.10.19. Oppdatert 27.11.19.

Møte om prosjekt husmannsplasser onsdag 23. oktober

Det store møterommet på biblioteket er reservert til dette møtet.

Eg skal skrive utkast til omtale til avisa, og annonse. Utkast til omtale har eg tenkt

Eg tenker meg følgande program:

  • Innleiing om prosjektet.
  • Innslag frå Skaun historielag om deira arebeid med husmannsplassar
  • Innslag frå Meldal historielag om deira arbeid med husmannsplassar
  • Oversikt over husmannsplasser på Orkanger, med meg

Vi bør ha utlodning, kaffi og noko å bite i.

 

Eg har laga ein rask oversikt over talet på husmannsplassar i Orkdal. Her har eg tatt med strandsittere på Øra og bersbrukere på Svorkmo. Vi får drøfte om vi skal ha nokon avgrensninger her, men det hadde vore interessant å ta med desse gruppene også. Tallet vart slik:

 

Totalt

Orkanger

26

Strandsittere på Øra

126

Evjen-Ekli

125

Kleiva-Svinsøy

74

Svorkmo, dei fleste var bersbruk

107

Valstad-Aspøl

63

Hoston-Kårmo

76

By-Metli

118

Volden-Gjølme

93

Geitastrand

82

 

890

 

Som vi ser vil det være eit omfattande arbeid.

Eg ser for meg at følgjande burde bli registrert for kvar husmannsplass:

  • Geografisk plassering med koordinater i dagens kartverk
  • Bilder av husmannsplassen og folka der
  • Plassering vist på gamle kart, f.eks. første 1:50.000 kart frå ca. 1865.
  • Luftfoto. Frå nettet kan det kopieres utsnitt frå luftfoto frå 1958 og framover
  • Personer som bodde på husmannsplassene, kor dei kom fra og kor dei reiste til.

Presentasjonen bør drøftes.

Meldal har presentert på nett på denne måten:  http://www.meldalhistorielag.org/

Dette er ein grei metode for å kunne få tilbakemelding frå publikum gjennom prosjektet.

 

Sluttprodukt bør ein også ha noen tanker rundt. Aktuelle sluttprodukt, som kan utfylle kvarandre, er:

  • Nettpresentasjon
  • Bok
  • Hefter, område for område.

 

Vi har frå før ein overtsikt over geografisk plassering av husmannsplassene, med forbehold om feil, og ei kobling til hovedpersonane som bodde der ved folketellingene i 1801, 1865, 1875 og 1900. Dessuten er det mykje god informasjon i bygdebøkene. Men fordi kvaliteten er variabel på detaljnivå bør opplysningene kontrolleres i forhold til folketellinger og kirkebøker.

Grunnlaget for å komme raskt i gang skulle derfor være til stede.

Edvar og eg er interesserte i å delta i arbeidet, og vi får håpe på interesse frå fleire. Oppslutninga må avgjøre om det blir ei arbeidsgruppe eller om det blir fleire som kan ta for seg ulike deler av bygda. Spør gjerne folk med interesse for lokalhistorie om dei vil delta

 

Folke

 

 

 

 

torsdag 28. november kl. 22:37

Orkdalsmessa 2019

fredag 22. november kl. 17:46

Lokalhistorisk Magasin

torsdag 10. oktober kl. 16:36

Prosjekt Husmannsplasser

lørdag 31. august kl. 23:32

Litt om Historielaget