Husmannsplasser

Husmannsplassar i Orkdal

I Orkdal har det vore ca. 900 husmannsplassar når strandsittarane på Øra er tatt med.
Orkdal historielag vil no starte eit arbeid med å kartlegge desse husmannsplassane.

Ein vil plassere kvar husmannsplass på kart, og få med når husmannsplassen var i bru
og kven som bodde der. Vi ønsker også bilder av hus og folk, og vil vise plassering i
gamle kart og flyfoto. I dag er det få husmannsplassar som står att, dei fleste ser ein
bare grunnmurane etter. Men også disse er det viktig å få fotografert og registrert.

Onsdag 23 oktober skal Orkdal historielaget ha eit møte om dette prosjektet i biblioteket
på Orkanger. Møtet vil starte med ein gjennomgang av husmannsvesenet i Orkdal, og vil
etterpå få høre om erfaringer fra noen nabokommunar.

Skaun historielag og Meldal historielag har kommet langt i arbeidet med husmannsplassar
i sine kommunar. Rita Elvira Husby vil orientere om arbeidet i Skaun, og komme med råd
og erfaringer frå sitt arbeid der, og Ola Rikstad vil orientere om erfaringer fra Meldal.

Til slutt vil det bli gitt ein oversikt over dei husmannsplassane ein kjenner til som låg under
gardane Nervik og Hov på Orkanger.

Alle er velkomne til møtet, og ønsker spesielt at personar som ønsker å delta i arbeidet om å ta kontakt.

 

Her er det ein rask oversikt over talet på husmannsplassar i Orkdal.
Her har eg tatt med strandsittere på Øra og bersbrukere på Svorkmo.
Vi får drøfte om vi skal ha nokon avgrensninger her, men det hadde
vore interessant å ta med desse gruppene også.
Tallet vart slik:

Område

Antall

Orkanger

26

Strandsittere på Øra

126

Evjen-Ekli

125

Kleiva-Svinsøy

74

Svorkmo, dei fleste var bersbruk

107

Valstad-Aspøl

63

Hoston-Kårmo

76

By-Metli

118

Volden-Gjølme

93

Geitastrand

82

Totalt

890

Som vi ser vil det være eit omfattande arbeid.

Eg ser for meg at følgjande burde bli registrert for kvar husmannsplass:

  • Geografisk plassering med koordinater i dagens kartverk
  • Bilder av husmannsplassen og folka der
  • Plassering vist på gamle kart, f.eks. første 1:50.000 kart frå ca. 1865.
  • Luftfoto. Frå nettet kan det kopieres utsnitt frå luftfoto frå 1958 og framover
  • Personer som bodde på husmannsplassene, kor dei kom fra og kor dei reiste til.

Presentasjonen bør drøftes.

Meldal har presentert på nett på denne måten:  http://www.meldalhistorielag.org

Dette er ein grei metode for å kunne få tilbakemelding frå publikum gjennom prosjektet.

Sluttprodukt bør ein også ha noen tanker rundt. Aktuelle sluttprodukt, som kan utfylle kvarandre, er:

  • Nettpresentasjon
  • Bok
  • Hefter, område for område.

Vi har frå før ein overtsikt over geografisk plassering av husmannsplassene, med forbehold om feil, og ei kobling til hovedpersonane som bodde der ved folketellingene i 1801, 1865, 1875 og 1900. Dessuten er det mykje god informasjon i bygdebøkene. Men fordi kvaliteten er variabel på detaljnivå bør opplysningene kontrolleres i forhold til folketellinger og kirkebøker.

Grunnlaget for å komme raskt i gang skulle derfor være til stede.

Oppslutninga må avgjøre om det blir ei arbeidsgruppe eller om det blir fleire som kan ta for seg ulike deler av bygda. Spør gjerne folk med interesse for lokalhistorie om dei vil delta.

Hilsen Styret